Fre
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Nord-nordaust 2.7 m/s 
Trykk: 1015.6
Dato: 26.04.2019
11°
Lør
Regn
Nedbør: 3.7 mm
Vind: Svak vind fra Nord 2.7 m/s 
Trykk: 1009.9
Dato: 27.04.2019
Søn
Regn
Nedbør: 2.5 mm
Vind: Svak vind fra Nord-nordvest 2.4 m/s 
Trykk: 1018.6
Dato: 28.04.2019
Man
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Nordaust 1.5 m/s 
Trykk: 1023.5
Dato: 29.04.2019
18°
Tirs
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Sør-sørvest 2.4 m/s 
Trykk: 1019.0
Dato: 30.04.2019
19°
Kongsberg StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Kongsberg

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Kongsberg
iLaagendalen
Jobb Kongsberg
Kongsberg Kommune
Laagendalsposten
Leie Kongsberg
NRK Buskerud
Torget Kongsberg

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Sjå Vestlandsrevyen 23.05NRK Sogn og Fjordane
Jan Børge Leirvik er progamleiar for kveldens siste TV-sending.
2019-04-25 22:50:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lovar lågare nettleiga ved fusjonNRK Sogn og Fjordane
BKK lovar at vanlege hushaldningar vil få redusert nettleiga med nær 5000 kroner, dersom det blir noko av fusjonen mellom BKK og Sunnfjord energi. På eit møte i Førde torsdag kveld lova kraftgiganten også 25 til 30 nye arbeidsplassar.
2019-04-25 21:33:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Jan Børge Leirvik.
2019-04-25 20:53:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kjempar for kreftkirurgienNRK Sogn og Fjordane
Magekreftoperasjonane ved Førde sentralsjukehus blir truleg sentraliserte til Haukeland. Brystkreft- og nyrekreftkirurgien blir verande i Førde, men samarbeidet med Bergen må bli tettare, skriv Firda. Desse endringane blir no skisserte i eit framlegg til ny organisering av kreftkirurgien og annan planlagd kirurgi i Helse Vest. Framlegget blir lagt fram for styret i Helse Førde måndag. Det speglar av ein helsekvardag der statlege kvalitetskrav set spesialitetar ved mindre sjukehus under press, skriv avisa.
2019-04-25 19:44:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Jan Børge Leirvik.
2019-04-25 18:42:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha samanslåing før kraftutjamningNRK Sogn og Fjordane
Statsminister Erna Solberg (H) meiner kraftsektoren i Sogn og Fjordane må drivast meir effektivt før ein kan diskutere kraftutjamning. ? Eg opplever det som utfordrande at ein ikkje vil slå seg saman til meir effektive einingar, samstundes som ein vil snakke om fordelinga med andre, sa Solberg då ho vitja Nordfjord i dag.
2019-04-25 18:38:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Så mykje kosta tunnelbrannenNRK Sogn og Fjordane
4,6 millionar kroner vart prislappen for å reparere skadene etter brannen i Fjærlandstunnelen for to år sidan. Det viser kravet som Statens vegvesen har retta til forsikringsselskapet If. Det var seint på kvelden at ein feiebil byrja å brenne medan ein kolonne med bilar var inne i tunnelen. 13 personar hamna på sjukehus.
2019-04-25 12:20:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I helga minskar skogbrannfarenNRK Sogn og Fjordane
2019-04-25 10:48:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krev leveringspliktNRK Sogn og Fjordane
Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane krev leveringsplikt på breiband. Partiet ser med uro på at teleselskapa ikkje følgjer opp med utbygging av breiband når det gamle koparnettet vert lagt ned. Dette meiner dei råkar både næringslivet og private i utkantane som får dyrare teletenester eller i verste tilfelle mister nett-tilgangen.
2019-04-25 06:51:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Solberg besøker Nordfjord i dagNRK Sogn og Fjordane
Konsernsjef i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, meiner staten må stille same strenge miljøkrav til andre bransjar som dei har gjort til reiarlaga som driv bilferjer. Det er ein av bodskapane hans når han skal møte statsminister Erna Solberg under besøket hennar i Nordfjord dag. Solberg skal blant anna delta på eit næringslivsmøte og besøke operahuset på Nordfjordeid.
2019-04-25 06:24:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå kveldens siste TV-sendingNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Jan Børge Leirvik.
2019-04-24 22:55:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Jan Børge Leirvik.
2019-04-24 20:52:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal skyte bukkar på HardangerviddaNRK Sogn og Fjordane
Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet har vedtatt ein fellingskvote på 6000 vaksne reinsdyrbukker. Bakgrunnen for avgjerda er kravet frrå Mattilsynetom raskast mogleg å finne ut om villreinbestanden er smitta av skrantesjuke. Tidlegare har ein skote heile villreinstammen i Nordfjella etter at det vart påvist skrantesjuke.
2019-04-24 19:18:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar Jan Børge Leirvik.
2019-04-24 18:42:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ja til kompetansesenter i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Fylkestinget sa i dag endeleg ja til å løyve 720 millionar kroner til eit nytt opplærings- og kompetansesenter på Øyrane i Førde. Fylkestinget sa også ja til å løyve 15 millionar kroner til etablering av Campus Førde verftet AS på Øyrane. Også ein tannklinikk i Førde, sa politikarane ja til. Førde-ordførar Olve Grotle (H) seier det er ein stor dag for Førde.
2019-04-24 16:49:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ja til Vitensenter i KaupangerNRK Sogn og Fjordane
Fylkestinget sa i dag ja til å løyve 140 millionar kroner til nytt opplæringsbygg i Kaupanger som ein del av Sogndal vidaregåande skule. Vedtaket inneber at det skal inngåast ein leigeavtale med Vitensenteret i Sogn og Fjordane, som skal leige halvparten av bygget i Kaupanger. Berre Frp sine to representantar røysta mot.
2019-04-24 16:19:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Billegare buss for lærlingarNRK Sogn og Fjordane
Fylkestinget i Sogn og Fjordane har akkurat vedteke at også lærlingar skal få reise billegare med kollektivtransport. Karianne Torvanger (Ap) er stolt og glad for det.
2019-04-24 14:51:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Usemje om musea NRK Sogn og Fjordane
Styret ved Musea i Sogn og Fjordane får både kritikk og ros. Medan enkelte var kritiske til at dei har skrinlagt det planlagde fellesmagasinet Kløften ved Sunnfjord Museum, viste andre forståing for vedtaket. Det har vore jobba med Kløften-prosjektet sidan 2012, og brukt nær sju millionar kroner på planlegginga.
2019-04-24 14:17:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

13 selde til mindreårigeNRK Sogn og Fjordane
13 butikkar i Sogn og Fjordane selde alkohol til mindreårige i 2018. Det kjem fram i ein rapport frå Skjenkekontrollen, gjennomført av Juvente i alle landets fylke. Her vart 46 butikkar kontrollerte.
2019-04-24 13:36:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Evoy får klima- og miljøprisNRK Sogn og Fjordane
Florø-verksemda Evoy får Sogn og Fjordane fylkeskommune sin klima- og miljøpris for 2018. Evoy utviklar verdsleiande heilelektriske framdriftssystem til båtar. Visjonen til selskapet er å eliminere utslepp frå båtar, ved å utvikle teknologi som kan byte ut fossil brensel med elektriske motorar, både i nye og brukte båtar.
2019-04-24 11:23:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stiutviklar får ungdomsprisNRK Sogn og Fjordane
Årets gründerpris for ungdom går til Rekkje Stiutvikling AS for arbeidet deira med å byggje sykkelanlegg og berekraftige stiar. Dei treff blink på aktivisertbasert reiseliv, meiner fylkeskommunen, som deler ut prisen på 50.000 kroner. Rekkje Stiutvikling held til i Sogndal, men har sikra seg prosjekt både i og utanfor Sogn og Fjordane, og er rekna for å vere ein pioner i bransjen.
2019-04-24 10:54:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha stemmerett for 16-åringarNRK Sogn og Fjordane
Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane vil gje 16-åringar stemmerett ved lokalval. Fylkeslaget har spelt inn forslaget til landsmøtet komande helg. Det har vore gjennomført prøveprosjekt på dette i ein del kommunar, og resultata er ganske positive, seier partiet i ei pressemelding.
2019-04-24 10:52:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkesveg opna etter steinrasNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 242 mellom Ståi og Skjærdal i Aurland er no opna for trafikk. Vegen vart stengd tysdag, då steinar rasa ned i vegen.
2019-04-24 08:37:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Svelgen var varmastNRK Sogn og Fjordane
Svelgen var varmaste staden i Sogn og Fjordane i går. Ifølgje statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved vart det målt heile 21,2 varmegrader tysdag ettermiddag. Dagen før vart det målt 21,5 grader i Lærdal. Valved fortel reknar med at det ikkje vert så høge temperaturar i dag.
2019-04-24 08:13:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pengedryss frå fondNRK Sogn og Fjordane
Ni eigarar får til saman 2,2 millionar kroner i støtte til kulturminne frå Kulturminnefondet. Feigum Mølle i Luster får mest, og er tildelt 633.000 kroner. Fondet har blant anna delt ut over 300.000 kroner til ein fjøs i Remmedalen i Eid og 100.000 kroner til ei bu i Stavang.
2019-04-24 07:14:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Valla kjem til HøyangerNRK Sogn og Fjordane
Tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla skal halde 1. mai-talen i Høyanger i år, skriv LO i ytre Sogn i ei pressemelding. Valla trekte seg som LO-leiar i 2007 etter påstandar om mobbing.
2019-04-24 05:31:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar Jan Børge Leirvik.
2019-04-23 20:54:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Teknisk feil gjorde at ikkje heile Vestlandsrevy-sendinga gjekk ut som den skulle. Her kan du sjå heile sendinga i opptak. Programleiar Jan Børge Leirvik.
2019-04-23 19:33:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stoppar marknadsføringNRK Sogn og Fjordane
Den norske turistforeining vil ikkje lenger marknadsføre tilboda sine i Kina og andre område som krev svært lange flyreiser, skriv avisa Nationen. Det hjelper lite å reise til Norge og ete økologisk kortreist mat og leve miljøvenleg dersom du flyr rundt halve kloden for å komme hit, seier styrar Marius Michael Haugaløkken ved Gjendesheim i Jotunheimen.
2019-04-23 19:02:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tilbake etter skademarerittNRK Sogn og Fjordane
Etter eit langt skademareritt er Endre Kupen tilbake i gult for Bodø/Glimt, skriv Avisa Nordland. Nordfjordingen er med når Bodø/Glimt 2 møter Junkeren i dag. Spissen fekk berre spelt nokre treningskampar for nordlandslaget før han rauk korsbandet like før seriestart i fjor.
2019-04-23 17:23:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kollisjon på E39NRK Sogn og Fjordane
To bilar har køyrt i kvarandre på E39 ved avkøyrsla til Hundsrasta i Førde. Det skal ikkje vere snakk om personskadar. Bilane står framleis i det eine køyrefeltet og det kan kome litt brått på for andre trafikantar, opplyser ein innringar til NRK.
2019-04-23 15:44:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok tusen år gamle skjelettrestarNRK Sogn og Fjordane
Tusen år gamle skjelettrestar forsvann då tjuvar tømte ei postkasse i Florø, skriv Firdaposten. Pakken tilhøyrte Sturla Ellingvåg og inneheldt nokre skjelettrestar som han skulle analysere i jobben sin. Det var fleire tjuveri i området då pakken til Ellingvåg forsvann. Politiet i Florø jobbar no med å etterforske saka.
2019-04-23 14:54:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Steinras stengjer fylkesvegNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 242 er stengd mellom Ståi og Skjerdal i Aurland. Statens vegvesen opplyser at det har gått eit steinras. Det blir ny vurdering onsdag klokka 12.
2019-04-23 11:55:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høge temperaturar på kysten NRK Sogn og Fjordane
Det var uvanleg varmt i natt langs kysten i fylket.
2019-04-23 11:40:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skeptisk til nye trafikkstasjonarNRK Sogn og Fjordane
Trafikkskulane i Sogn og Fjordane er uroa for konsekvensane det vil få om Vegvesenet får lov til å kutte kraftig i tilboda ved trafikkstasjonane på Nordfjordeid og i Sogndal. Køyrelærar Styrk Hofslundsengen i Sogndal håpar at politikarane vil stoppe forslaga som han meiner vil påføre folk både ekstra kostnader og auka tidsbruk.
2019-04-23 10:34:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Varmast i LærdalNRK Sogn og Fjordane
Lærdal var den varmaste staden i Sogn og Fjordane 2. påskedag. Den offisielle målinga til Meteorologisk institutt synte heile 21,5 varmegrader. Ifølgje statsmeteorolog Magni Svanevik skal det like varmt i fylket i dag og i morgon.
2019-04-23 08:27:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skogbrannfaren er aukandeNRK Sogn og Fjordane
Det er stor skogbrannfare i fleire kommunar i fylket. Dette gjeld Lærdal, Sogndal og Stryn, men det er også fare i Gulen, Vik, Leikanger og Fjaler. Faren for skogbrann vil auke dei neste dagane, ifølgje varselet til yr.no.
2019-04-23 08:07:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre personar i utforkøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein personbil køyrde utfor vegen på E39 ved Førde pensjonat i Førde i 01-tida natt til tysdag. Det var tre personar i bilen, men ingen vart skadde, opplyser politiet. Ifølgje politiet kan det vere snakk om at ei punktering var årsaka til uhellet.
2019-04-23 05:17:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Saknar du ein madrass? NRK Sogn og Fjordane
Fjærlandstunnelen mellom Fjærland og Skei på rv. 5 er no open att. Tunnelen var stengt på grunn av ein madrass i vegbana, melder Statens vegvesen.
2019-04-22 21:21:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil krevje meir av båtførararNRK Sogn og Fjordane
Redningsselskapet meiner det ikkje er nok med ei teoretisk prøve for å køyre båt. No vil dei ha praktisk båtførarprøve.
2019-04-22 21:04:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stenger hall i fire månaderNRK Sogn og Fjordane
Strynehallen vert stengt i fire månader, melder Fjordingen. Stryn kommune stenger hallen frå mai til slutten av august på grunn av renovering av lys og golv.
2019-04-22 19:47:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Scora sitt første mål NRK Sogn og Fjordane
Elise Thorsnes scora sitt første mål for Lillestrøm, då dei slo Fart 4-0 i dag. Thorsnes gjekk frå spel i amerikanske Utah Royals til LSK kvinner i fjor.
2019-04-22 18:34:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Smell på heimebaneNRK Sogn og Fjordane
Florø tapte 3-1 mot Sotra i sesongens første heimekamp i 2. divisjon. Lorent Callaku scora Florø sitt einaste mål. Laget frå kystbyen står no med eitt poeng etter to kampar.
2019-04-22 17:57:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sjukehus etter trafikkuhellNRK Sogn og Fjordane
To personar blei sendt til sjukehus etter at ein bil køyrde av vegen ved Høynes på rv. 15, melder Vest politidistrikt. Politiet opplyser om at det er mindre materielle skadar på bilen. Trafikken går som normalt på staden.
2019-04-22 17:44:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok sin første siger for sesongenNRK Sogn og Fjordane
Kaupanger vann 1-0 mot Øvrevoll Hosle i 1. divisjon for kvinner, skriv Haugen fotball. Malin Ness scora etter fire minutt i første omgang. Laget frå Sogn står no med fire poeng etter to kampar.
2019-04-22 15:33:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stor skogbrannfareNRK Sogn og Fjordane
Yr.no melder om stor skogbrannfare i Lærdal, Sogndal og Stryn i dag. Dei neste dagane vil skogbrannfaren auke fleire stader i fylket. På yr.no kan ein sjekke skogbrannvarslet og sjå oversikt over kor skogbrannfaren vil auke.
2019-04-22 13:24:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gratis kontroll av russebilarNRK Sogn og Fjordane
I morgon 23. april er det gratis kontroll av russebilar på trafikkstasjonane i Førde og på Nordfjordeid. Det er Statens vegvesen som inviterer russen til å sjekke tilstanden på russebilen sin.
2019-04-22 12:38:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen henteoppdrag i påskaNRK Sogn og Fjordane
? Det har absolutt vore mindre enn vanleg. Vi har ikkje hatt eit einaste henteoppdrag i påska og det er vi veldig glad for, seier Ove Fortun, leiar for Luster Røde Kors Hjelpekorps. Dei har vore stasjonert på Turtagrø heile påska og Fortun fortel om meir folk i fjellet enn vanleg. ? Det har vore veldig mykje folk, Sognefjellsvegen har jo vore open. Folk har kosa seg, seier han.
2019-04-22 11:34:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Store temperaturforskjellarNRK Sogn og Fjordane
Klokka 8.00 i dag tidleg var det 15,3 grader på Sandane lufthamn. I Lærdal var det på same tid nesten 10 gradar kaldare. Der vart temperaturen målt til 4,2 gradar. ? 15,3 gradar er veldig varmt til å vere så tidleg på dagen. Eg trur fønvinden har hjelpt litt til her, seier vakthavande meteorolog i Bergen, Kristin Seter. Ho fortel at det blir ein fin dag i heile fylket. ? Men det er venta litt vind på kysten. Akkurat no er det stiv kuling ved Kråkenes fyr, seier ho.
2019-04-22 09:52:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mange besøkande på SkogadalsbøenNRK Sogn og Fjordane
Skogadalsbøen Turisthytte, som ligg i Jotunheimen i Luster kommune, vart godt besøkt denne påska. Ifølgje turistforeininga var det 20 prosent fleire som besøkte Skogadalsbøen denne påska, samalikna med i fjor. Tilsaman har det vore 12.500 overnattingar på dei betjente DNT-hyttene i Noreg denne påska.
2019-04-22 09:07:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ras i ÅrdalNRK Sogn og Fjordane
Det gjekk eit ras ved Finnsåstunnelen i Årdal i dag tidleg. Ein tipsar skriv til NRK at raset gjekk ti over halv sju. Verken politiet eller Statens vegvesen har fått inn meldingar om raset.
2019-04-22 08:11:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen ventetid i LavikNRK Sogn og Fjordane
Ferjekøen i Lavik er avvikla og det er ikkje ventetid her lengre for dei som skal med ferja frå Lavik til Oppedal. Det melder Statens vegvesen.
2019-04-21 21:07:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stoppa bil etter vinglete køyringNRK Sogn og Fjordane
Klokka 16.45 sundag fekk politiet inn melding om ein bilist som køyrde vinglete og med ujamn hastigheit. Det var ein annan bilist som melde ifrå. Bilane var på veg mot Stryn på riksveg 15. Politipatruljen i Stryn vart sendt ut og fekk stoppa bilen. ? Det viste seg å vere to turistar på ferie som var litt for opptekne av naturen, fortel Ole Ronny Olsen ved politiets operasjonssentral i Bergen. Turistane fekk køyre vidare med ei oppmoding om å sjå meir på vegen.
2019-04-21 18:38:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ein time ventetid i LavikNRK Sogn og Fjordane
Skal du ta ferje frå Lavik til Oppedal må du ta høgde for litt venting. Klokka 16.30 melde Vegtrafikksentralen at ventetida i Lavik var på om lag ein time og at trafikken er aukande.
2019-04-21 16:43:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Femteplass i FrankrikeNRK Sogn og Fjordane
Golfspelar Jakob Stavang Stubhaug vart nummer fem samanlagt under turneringa French Boys i Frankrike i dag. I går tok han seg vidare til åttedelsfinalen, men der sa det stopp mot heimehåpet Nathan Tray som vann med eitt slag betre enn Stubhaug på dei 18 hola.
2019-04-21 11:55:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flyttar kommuneskiltNRK Sogn og Fjordane
Etter påske vert kommuneskilta i Hornindal flytta, skriv Fjordingen. Frå 1. januar i år vart ein del av Hornindal justert over til Stryn kommune, men grunna snø og tele har ikkje skilta blitt endra tidlegare i vinter. Det er snakk om å flytte skiltet om lag 1,2 kilometer.
2019-04-21 11:11:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sjukehus etter krasj med hjortNRK Sogn og Fjordane
To personar vart frakta til Førde sentralsjukehus i natt for sjekk etter at dei kolliderte med ein hjort på E39 i Gloppen. Uhellet skjedde klokka 04.49 og politiet og brannvesen rykte ut.
2019-04-21 08:30:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fem nye millionærarNRK Sogn og Fjordane
Fire kvinner og ein mann i Sogn og Fjordane vart Lotto-millionærar i går. Tre av dei vann ein million i Norsk Tipping si ekstratrekning av 53 millionærar. Dei to andre hadde saman med 12 andre sju rette og vann 1,6 millionar.
2019-04-21 08:16:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hus totalskadd i brannNRK Sogn og Fjordane
Like over klokka 19.00 påskeaftan rykte naudetatane ut til ein brann på Solheim i Nordhordland. Solheim ligg ved E39, nær fylkesgrensa til Sogn og Fjordane. Det var eit bustadhus som brann, og politiet melder laurdag kveld at huset er totalskadd. Brannmannskapa har kontroll på brannen og det er ikkje fare for at brannen spreier seg. Fem personar blir sendt til legevakt for sjekk etter å ha pusta inn røyk.
2019-04-20 21:20:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Travel tid for DyrebeskyttelsenNRK Sogn og Fjordane
Påska er ei travel høgtid for Dyrebeskyttelsen. Her er deira råd til kva du skal gjere om du kjem over heimlause dyr.
2019-04-20 19:24:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bilbrann i BremangerNRK Sogn og Fjordane
Ein bil byrja å brenne ved Bortnetunnelen i dag. Politiet melde om hendinga klokka 14.19. ? Vi fekk melding om brann i ein bil. Han byrja å brenne inne i tunnelen, men føraren fekk han ut av tunnelen. Ein person skal ha fått i seg litt røyk, men føler seg oppegåande, seier Dag Olav Sætre ved politiets operasjonssentral i Bergen. Det var to personar i bilen, ein ung mann og ei ung kvinne. Tunnelen vart stengt som følgje av bilbrannen, men vart opna att etter kort tid.
2019-04-20 15:18:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna etter rasNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er no opna att for trafikk. Tidlegare laurdag morgon gjekk det eit snøras som stengte vegen, men klokka 10.22 var vegen opna att.
2019-04-20 10:29:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på grunn av rasNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengt grunna snøras, opplyser vegtrafikksentralen. Fjellovergangen har vore vinterstengt, men opna førre fredag. Entreprenøren som har ansvaret for vegen er på veg for å rydda vekk raset, men det er usikkert når vegen blir opna att.
2019-04-20 09:39:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

«Snopesjuk» i påska? NRK Sogn og Fjordane
Her er påskegodtet du kan ete så mykje du vil av, utan å få dårleg samvit.
2019-04-20 09:07:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bråka på hotellNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 50-åra vart i natt meldt til politiet etter å ha laga bråk på eit hotell i Høyanger. Politiet vart kalla ut då gjesten gjorde seg vanskeleg klokka 02.15. Mannen skal også ha vore ufin mot politiet.
2019-04-20 07:41:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Resett-redaktør ut mot RotevatnNRK Sogn og Fjordane
Fleire annonsørar har trekt annonsane sine frå resett.no etter ein Twitter-kampanje. Blant dei som har oppmoda annonsørane til å ikkje annonsere på nettstaden er statssekretær for Venstre, Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid. Resett-redaktør Helge Lurås likar dårleg at Rotevatn har blanda seg inn i kven som annonserer på nettsida hans.
2019-04-19 19:58:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

På veg til FlorøNRK Sogn og Fjordane
Tidlegare Førde-keeper Fredrik Hanssen kan blir Florø-spelar innan kort tid. Det skriv Firdaposten. 26-åringen spelte to sesongar for Førde, men vart ikkje med vidare etter at klubben rykte ned i fjor. Ein avtale mellom Florø og Hanssen kan tre i kraft frå sommaren av.
2019-04-19 17:16:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gneistar sett fyr på bakkenNRK Sogn og Fjordane
110-sentralen fekk melding om det som kunne vere ein grasbrann på Hjønnevåg i Solund. Det viste seg at gneistar hadde falle frå ein stolpe ved ein trafo og ned på bakken. ? Det hadde tatt fyr i graset, men folk frå Sunnfjord Energi var raskt på staden og fekk sløkt brannen, seier Karl Arne Røyset ved 110-sentralen i Hordaland.
2019-04-19 12:56:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Berdalstunnelen stengdNRK Sogn og Fjordane
Berdalstunnelen på fylkesveg 50 i Aurland kommune var stengd etter at det blei fjerna eit brannsløkkingsapparat i tunnelen. Brannvesenet rykka ut, og 20 minutt seinare var tunnelen opna att.
2019-04-19 12:37:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slik gjer du påska litt grønareNRK Sogn og Fjordane
2019-04-19 10:50:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjekk vêret på yr.no før turenNRK Sogn og Fjordane
I Sogn og Fjordane kan vi i dag vente oss sør- og søraustleg bris. Ved Stad vil det auke til sørvestleg frisk bris. Elles blir det lettskya og fint ver i fylket på langfredag.
2019-04-19 09:53:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i vedhusNRK Sogn og Fjordane
Torsdag kveld rykka politiet og brannvesen ut til ein brann i eit vedhus i Flåm. Brannen skal ha blitt halden i sjakk med ein hageslange, opplyser politiet. I 23-tida hadde brannvesen fått kontroll over situasjonen, og det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg. Ingen personar blei skadde, og det er førebels ukjend kvifor det byrja å brenne.
2019-04-19 08:06:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dunjakka di kan redde livNRK Sogn og Fjordane
2019-04-18 21:09:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pengar til kulturlandskapNRK Sogn og Fjordane
Regjeringa gir 33 millionar kroner til vedlikehald av kulturlandskap i 2019, skriv Nationen. Totalt er det 41 kulturlandskap som får støtte og i Sogn og Fjordane er det fire stadar på lista. Det er Grinde - Engjaneset, Hoddevik - Liset, Midtre Lærdal og Ormelid.
2019-04-18 19:46:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Starta sesongenNRK Sogn og Fjordane
I dag kom årets første cruiseskip til Olden i Nordfjord, skriv Fjordingen. Vidare skriva avisa at det er venta 102 skip til bygda denne sesongen som strekker seg heilt fram til 10. november. Flest turistar er det venta 16. juli. Då kjem det heile 9000 passasjerar i land.
2019-04-18 15:45:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjekka over 800 bilarNRK Sogn og Fjordane
Onsdag hadde Statens vegvesen kontroll på lette køyretøy i Førde sentrum. 842 køyretøy blei kontrollerte, og av dei blei 21 stoppa. Tre fekk bilbeltegebyr og fire mangla dokument. Ni køyretøy fekk skriftlege manglar. Ein førar blir meldt for manglande bremselys på tilhengar, og ein annan for manglande førarett då tilhengaren og bilen til saman var for tung i forhold til førarkortklassen.
2019-04-18 11:45:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nøgd med formelbil-testenNRK Sogn og Fjordane
Håvard Hallerud frå Førde som satsar på formelbil, har no gjennomført to dagar med testkøyring i Sverige. 20-åringen som tidlegare har køyrt gokart, seier han blir meir og meir komfortabel. ? Det er mykje lære og nivået er bra, men som nybyrjar sleit eg litt med å holde følge, seier Hallereud som køyrer for Team Greenpower. Sesongstarten i Formula Nordic er første helga i mai.
2019-04-18 09:17:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber folk på tur samle jervebæsjNRK Sogn og Fjordane
Tradisjonen tru oppmodar Rovdata om at folk som er ute på tur i påska, samlar inn jervebæsj. ? Prøvar kan leggast i plastposar og leverast til Statens naturoppsyn i områda. Dette gir oss mykje kunnskap om jervebestanden i landet.
2019-04-18 08:38:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mange med høg fartNRK Sogn og Fjordane
UP på Vestlandet hadde i går 12 fartskontrollar. 399 sjåførar køyrde for fort, og av dei mista 11 førarkortet. Høgste fart var 137 km/t i 80-sona på E39 i Romarheim, noko som førte til at ein 18-åring må klare seg utan lappen ei stund.
2019-04-18 08:30:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Millionar til reiselivetNRK Sogn og Fjordane
Fylkeskommunen gir ein million kroner til ulike reiselivssatsingar i Sogn og Fjordane. Pengane skal brukast for å gjere fylket meir tilgjengeleg for turistane. Totalt har ti prosjekt fått støtte, mellom dei er Balestrand Adventure, Jølster Aurefest, Nærøyfjorden Verdsarvpark og Visit Fjordkysten.
2019-04-17 21:47:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
2019-04-17 20:33:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
2019-04-17 18:43:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No kan du vinne 5000 kronerNRK Sogn og Fjordane
Likar du å skrive? Sogn og Fjordane Pride og serieskaparen av Lovleg, Kjersti Wøien Håland, lyser no ut ein skrivekonkurranse. ? Vi vil oppmuntre ungdom til å uttrykke seg skriftleg og setje fokus på skeive historier og skeiv tematikk, skriv ho på Facebooksida si.
2019-04-17 18:12:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Syklist mot bil på ByrkjeloNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykt ut til Byrkjelo etter at ein bil og syklist har støytt saman. Politiet opplyser på Twitter at syklisten er bevisst.
2019-04-17 18:06:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal hylle Bø-brørneNRK Sogn og Fjordane
? Det skulle berre mangle at vi ikkje gir noko tilbake, seier ordførar Sven Flo (H) i Stryn, som saman med idrettslaget inviterer til markering av skiskyttarbrørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø i kveld. Johannes vann verdscupen i suveren stil, og tok saman med bror sin fleire VM-medaljar.
2019-04-17 16:04:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha rassikring på toppNRK Sogn og Fjordane
Hordaland har rassikring som førsteprioritet for Nasjonal transportplan for åra 2022?2033, skriv bt.no. Sogn og Fjordane som eitt av dei mest rasutsette fylka, har enno ikkje kome med sine innspel. ? Det arbeidet er like rundt hjørnet, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap).
2019-04-17 15:55:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde utan førarkortNRK Sogn og Fjordane
Ein sjåfør vart meld til politiet etter at han under ein kontroll på riksveg 5 på Kaupanger vart stoppa utan gyldig førarkort. I same kontrollen vart ein annan sjåfør meld for å køyre med born usikra i bilen. Statens vegvesen kom også over fleire køyretøy med tekniske manglar og ein passasjer som ikkje brukte bilbelte.
2019-04-17 12:55:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Satsar på uvêrsturismeNRK Sogn og Fjordane
Visit Fjordkysten har fått 200.000 kroner frå fylkeskommunen til å utvikle uvêrsturisme, skriv Firdaposten. Uvêrsturisme er eit fenomen som er populært i USA og Canada. Pengane skal gå til utvikling av fem merkte og tilrettelagde stormløyper langs kysten.
2019-04-17 11:31:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Leander Øy (15) har fått kontraktNRK Sogn og Fjordane
Keepertalentet Leander Øy (15) frå Årdal har skrive kontrakt med eliteserieklubben Sarpsborg 08, melder Årdal Fotballklubb på eiga heimeside. I første omgang skal han spele for G19-laget til østfoldingane. Øy vart i fjor kåra til årets spelar 6. divisjon.
2019-04-17 07:49:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lærdal får ultralydutstyrNRK Sogn og Fjordane
Lærdal sjukehus skal tilby undersøkingar med ultralyd, melder Helse Førde. Det er helseføretaket og fleire kommunar i indre Sogn som går saman om å kjøpe nytt ultralydutstyr. Dermed kan mange av dei gravide, som før måtte reise til Førde eller Voss, i løpet av året få tilbod om ultralydundersøkingar i Lærdal. Investeringa kostar kring 650.000 kroner.
2019-04-17 07:40:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hallén ut av SogndalNRK Sogn og Fjordane
Yngve Hallén går ut av Sogndal Fotball frå 1. september, skriv Sogn Avis. Han har framfor alt drive med eigedom og utvikling i Sogndal Fotball AS etter at han avslutta sine periodar som NFF-president. Som dagleg leiar i Sogndal før presidentvervet var han sentral i å utvikle det som skulle bli Fosshaugane Campus.
2019-04-17 06:59:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Politi og brannvesen rykka ut til ein brann i Førde i natt. Alarmen gjekk klokka 00.10 i ein jernvarebutikk, og då brannmannskapa kom fram var det opne flammar i lokalet. Brannen vart sløkt raskt. Politiet skal i løpet av onsdagen forsøke å finne ut kva som har skjedd. Ingen vart skadde i hendinga, opplyser politiet til NRK.
2019-04-17 05:39:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-04-16 20:56:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fiberbrot er reparertNRK Sogn og Fjordane
Alle som var råka av fiberbrotet i Måløy måndag kveld, skal no ha både breiband og mobildekning. Det opplyser Telenor. Feilen råka mobilsambandet i ytre strok av fylket, i tillegg til at det råka kring 600 breibandkundar i Vågsøy og Vanylven.
2019-04-16 19:15:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar tysdag kveld er Mariann Reikerås.
2019-04-16 18:46:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Partisekretær til Årdal 1. maiNRK Sogn og Fjordane
Partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet kjem til Årdal 1. mai. Ho er hovudtalar under den tradisjonsrike feiringa av den internasjonale arbeidardagen i industrikommunen.
2019-04-16 16:49:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Moped velta i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Ein moped har velta i rundkøyringa ved Førde Hotell. Ifølgje politiet er føraren lettare skadd. Politi og ambulanse er på staden. Uhellet fører ikkje til trafikale problem.
2019-04-16 14:09:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fem personar i trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein person er sendt med bilbambulanse til sjukehuset i Førde etter at tre bilar kolliderte på riksveg 15 vest for Nordfjordeid like før klokka 13. I alt fem personar var involverte i ulukka. Dei fire andre fekk tilsyn av helsepersonell på staden. Alle var medvitne, melder politiet. Dei fortel at saka no vert etterforska og at dei har beslagt førarkortet til eine sjåføren. Årsaka til ulukka var påkøyring bakfrå. Riksveg 15 er no open for fri ferdsel.
2019-04-16 13:00:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Investerer 100 mill. i biogassNRK Sogn og Fjordane
Selskapet Vest Biogass i Hornindal planlegg å byggje eit regionalt biogass-anlegg på Raudemel i Hornindal til 100 millionar kroner, skriv Fjordingen. Selskapet har planar om å produsere gass frå landbruks- og slakteavfall. Målet er produksjonsstart i 2020. Gassen skal brukast som drivstoff i lastebilar og bussar.
2019-04-16 11:31:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Miste førarkortet i NaustedalenNRK Sogn og Fjordane
Ein sjåfør fekk beslaglagt førarkortet og heile 14 andre fekk forenkla førelegg då politiet heldt fartskontroll i 60-sona fylkesveg 512 ved Kalland i Naustedalen. Høgste fart vart målt til 92 km/t, opplyser Vest politidistrikt.
2019-04-16 10:43:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kongsberg StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.